Ørrett- og torskepaté
Ta 250 g reinskåren ørretfilet og ha i foodprosessor. Køyr med litt salt og pepar, spe med 1 egg og 1,5 dl fløyte. Køyr saman til ei jamn farse, bland farsen med 100 g torskefilet i terningar og 1ss pistasjekjernar.
Gjer det same med torskefileten, og bland i farsen 100 g ørretfilet i terningar + pistasjekjernar.
Ta resten av fisken i foodprosessoren med persillen og litt salt og pepar og køyr til farse med egg og fløyte.
Legg lagvis ørret-, persille og torskefarse i ei smurd brødform. Bak patéen i vannbad ved 150 grader C i 40 min. Dekk patéen med bakepapir på topp og i botn med "øyrer".
Avkjøl pateen, skjer den i åtte skiver og tilverk med salat og urtesaus på tallerken.
Urtesaus
Bruk hurtigmiksar til sausen er pent grøn. Smak til med salt og pepar og evt. surt/søtt
Roastbeef
Del mørbraden i to og skjer bort den store senen i midten. Bind opp steikene med hyssing og salte og pepre dei. Brun dei matolje i ei jarngryte med oppkutta grønsaker og urter. Hell på raudvin og kraft og kok opp med steika i. Lat steika trekke i krafta ved svak syding i 20 minutt for den minste og 30 min. for den største.Pakk steikene inn i aluminiumsfolie og eit handkle (frotte) for å halde dei varme medan du lagar saus ved å frese smør og mjøl i ei gryte og spe med safta av steikene.Lat sausen koke ned til ein snau liter og smak til med salt og pepar.Sil sausen. Skjer roastbeefen i tynne skiver og server med grønsaker og fløytegratinerte poteter. Hugs litt muskat i fløytegratinerte poteter samt kvitløk.
Glasserte gulrøter
Skrell gulrøtene og skjer dei i pene stavar og ha dei i ein kjele. Ha i vatn og smør, sukker, salt og kok opp. Kok utan lok til vatnet er dampa bort og gulrøtene møre. Dryss med persille rett før servering.
Glassert småløk
Brun dei rensa småløkane i olje og sukker til sukkeret er karamellisert. Tilset salt, pepar og vatn.
Lat løkane trekke i krafta til den er kokt inn og løkane er møre.
Likørsufflé
Pisk eggeplommane i miksar. Kok opp sukker og vatn og kok til vatnet er nesten borte. Hell sukkerlaken i ei tynn stråle i eggeplommane og fortsett å piske til det blir eggedosis. Pisk i 10 min. til massen er luftig og avkjølt. I mellomtida riv du appelsinskalet og pressar ut safta.
Kok dette ned til ei ekstrakt på 1/4 dl og avkjøl litt før det blandast i eggedosisen saman med likøren og den piska kremen. Bland alt med forsiktig hand og smak om det er friskt nok. Smak evt. Til med meir likør og appelsinsaft.
Til ei rund suffléform med rette kantar fester du ei 15 cm brei aluminiumsfolie med tape.
Hell blandinga i forma, slik at isen dekker godt opp langs kanten. Frys isen i djupfrysar over natta.
Ved servering fjerner du kanten og pyntar med appelsinbåtar og anna frisk frukt. Server appelsinsalat til.
Appelsinsalat
Kok opp vatn og sukker til sukkerlake og avkjøl. Skjer skalet av appelsinene og skjer ut filétane med ein tynn kniv. Legg dei i ein bolle med sukkerlake og pynt med rista mandelflak.
Sendt inn av
Ragnar Skarstein