- Reins purren og forvell blada i kokande vatn. Avkjøl han raskt i isvatn.
- Kle ei lita brødform (ca. 1 liter) med bakepapir og kle botn og kantar med lange purreblad.
- Hakk urtene og bland med rømmen. Tilset gelatin.
- Strimle rakfisken på langs og legg han lagvis i forma med urterømmen. Begynn og slutt med rømme.
- Brett purreblada over og set forma i kjøleskap til neste dag. Reins og skrell persillerot og skjer i stavar.
- Kok stavane i raudvin til dei er møre.
- Ta rakfisken ut av forma neste dag og skjer han i ca. 1-2 cm tjukke skiver med skarp kniv, gjerne ein kniv med sagblad.
- Anrett han på tallerken rett før servering og pynt han med persillerotstavane.