Steik:
- Bind helst opp steika med hyssing og gni henne inn med salt. Brun steika pent i ei panne før du set henne i omnen på 200 °C med steikjetermometer i midten.
- Etter ca. 15 minutt byrjar steika å bli oppsvulma og spenstig om ein trykkjer lett på henne. Etter 20 minutt kan steika få ein kvil ute av omnen på 10 minutt.
- Hald fram med slike intervall til kjernetemperaturen er på 55 ° C; han vil stiga nokre grader medan steika kviler.
- Skjer du i steika rett etter at ho er ute av omnen, vil ho sleppa saft, så det er viktig at ho får kvila på benken fyrst.
Grønsaker:
- Vask grønsakene godt. Bak dei tørt, dvs. utan smør eller olje i omn på 140 °C til dei er møyre. Kjøl av.
- Skrell betane, men ikkje røtene. Skjer i bitar. Vend dei i litt smør og salt. Legg i eldfast fat og varm i omn.
Saus uten kraft:
- Fres lauk og sopp i litt smør i ein kjele. Slå i vatn og vin, kok opp og la det koka i 10 minutt. Ha i fløyten og la det koka inn til 6–7 dl.
- Sil ut lauk og sopp, smak til og server.
- Denne sausen kan varierast ut frå kva du likar og kva slags kjøt du har. Litt sennep kan vera godt i. Har du kraft, så bruk det i staden for vin. Vert sausen for tynn, jamnar du med litt maisenna utrørt i litt vatn.
Tips:
Istaden for tørka sopp, kan du bruke 100 g fersk sjampinjong.
Mange andre spennende retter med hjort finner du her
Her får du svært så praktiske kokketips
Her kan du søke i over 20 000 oppskrifter
Bli abonnent på Apéritifs Mat & vinklubb og oppnå store fordeler samtidig