- Kutt rakfisken i porsjonsstykke.
- Finhakk sjalottlauk og raudbete og ha det i ei varm steikepanne saman med sukkeret. Steik til sukkeret har karamellisert seg, og hell eplemost over.
- Kok ned væska til ca. 2 dl, og rør inn 100 g smør. Smak til med salt og nykverna pepar.
- Reins persille og sprøsteik blada i varm olje i ca. 10 sekund. Slepp blada i olja med ei bestemt rørsle, og ta eit skritt tilbake for å unngå den glovarme oljespruten.
- På tallerkenen legg du fyrst raudbetesmør, så rakfisk til slutt, toppa med fritert persille.